Om Odda Begravelsesbyrå
Odda Begravelsesbyrå har vore ein trygg støttespelar for menneske i sorg i over hundre år.
Sidan starten tidleg på 1900-talet har byrået hatt ein sentral plass i lokalsamfunnet i Odda og omegn – med varme, omtanke og respekt som grunnverdiar.
Gjennom generasjonar har Odda Begravelsesbyrå hjelpt familiar med å skapa verdige og personlege avskil. Mange kjenner byrået under namnet Digranes, som i store delar av hundreåret har vore eit symbol på kvalitet, nærleik og lokal forankring.
I dag blir Odda Begravelsesbyrå drive vidare på det same omsorgsfulle verdigrunnlaget som alltid har prega verksemda – med respekt for tradisjonane og eit sterkt ønskje om å vera til hjelp når sorga rammar.
Visjonen vår er å ta vare på det menneskelege i møtet med døden – å skapa ro, tryggleik og verdigheit i ei sår tid. Hos oss møter du menneske med lang erfaring, lokal forankring og ekte engasjement for å hjelpa.
Me kjenner lokalmiljøet, tradisjonane og folket her.
Me er her for dykk – når de treng oss.
Odda Begravelsesbyrå har sitt utspring midt i hjartet av Hardanger.
Me bistår familiar frå bygdene langs Sørfjorden – frå Nå, Utne og Lofthus til Kinsarvik, Eidfjord, Tyssedal, Odda, Skare og Røldal.
Frå fjord til fjell møter me kvar familie med den same omsorga, roen og nærleiken som alltid har prega byrået – uansett kor ein høyrer heime.
Gravferdsbyrået
Planlegg ei gravferd
Det kan kjennast vanskeleg å tenkje på praktiske spørsmål når ein nettopp har mista ein nær. Ta deg likevel tid til å reflektere over korleis du vil minnast den avdøde og korleis seremonien kan sjå ut. Å skapa ein vakker og personleg avskjed treng ikkje vera dyrt eller komplisert. Vi hjelper til med inspirasjon og idear til kva som er mogleg, basert på dine ønskjer. Det finst fleire måtar å planleggje ei seremoni på.
Korleis kan ei gravferd ordnast av eit gravferdsbyrå
Seremonien finn vanlegvis stad innan 10 dagar etter dødsfallet. Sjølve bisetjinga vert halden i kyrkja, kapell eller i andre eigna lokale. Odda Begravelsesbyrå hjelper til med å velje tidspunkt og stad i Odda og omegn og sørgjer for at alle som skal medverke, vert informerte.
Praktisk informasjon ved gravferda – Open eller lukka bisetjing?
Dette spørsmålet kan vera vanskeleg å ta stilling til for mange pårørande. Det kan vere fleire grunnar til at ein vel ei lukka bisetjing. Likevel viser erfaringar at det som i augneblinken verkar rett, på sikt kan bli ei belastning dersom nokon som burde ha vore til stades, ikkje fekk høve til det. Erfaringar viser òg at signala ein sender ved å velje ei lukka seremoni, ofte skapar usikkerheit: Skal ein ta kontakt eller ikkje? Dei fleste ønskjer ikkje å vere påtrengjande. Lytt til dykk sjølve og ta dei vala som kjennest rette.
Annonsering eller gravferd i stillheit
Nokre ønskjer at gravferda skal skje i stillheit, med berre dei næraste til stades. Dette kan sjølvsagt vere rett i mange tilfelle. Likevel tilrår dei fleste med innsikt i sorgarbeid at gravferda vert annonsert på førehand og er open for alle. Erfaringar viser at deltaking frå personar utanfor den næraste krinsen hjelper dei etterlatne med å bearbeide sorga. Andre kan òg ha behov for å vise deltaking og syne den avdøde den siste æra.
Ansatte
Våre gravferdskonsulentar er nøye utvalde etter det vi meiner er eigenskapar ein bør ha. Omsorg og varme set vi høgt. Vi er her for deg, for å rettleie og vere til stades.
Vi verdset òg kunnskap, og gjennom VIRKE gravferd har dei gjennomført nødvendige og lærerike kurs. Dei har lang erfaring i yrket og ønskjer å gje den beste omsorga ved livets slutt.
-

Reidar Andersen
Gravferdskonsulent
Tlf: 97269371
-

Egil Prestnes
Gravferdskonsulent
Tlf: 91379411
-

Jostein Bjørnevik
Gravferdskonsulent
-

Birgitte Bjørnevik
Byråassistent
-

Leiv Varberg
Byråassistent
-

Marianne Hansen
Byråassistent
-

Veronica Varberg
Byråassistent
-

Odd Johan Tordal
Gravferdskonsulent
Tlf: 95224733
-

Margreta Hus Ripel
Gravferdskonsulent
-

Asle Skogly
Byråassistent
-

Ove Tvedt
Byråassistent
-

Grete Tvedt
Byråassistent